Klikk her for pressemelding beste norske drikkeprodukt 2012!
Festivalen Norsk Drikke i Balestrand skal vere ein årleg læringsarena, utstillingsplass og inspirasjonssamling for alle som er interesserte i norskproduserte drikkevarer som fruktmost, cider, fruktvin, øl, fruktbrennevin, akevitt og kornbrennevin.
Fridtjovprisen skal heve merksemd og kvalitet i alle ledd kring norsk drikke. Fridtjovprisen blir Den norske prisen for gode drikkeprodukt, og blir det ut av Norges Bondelag og NHO Reiseliv.
Festivalen består av ein fagdel og ein publikumsdel. Fagdelen er innretta mot restaurantar, hotell og andre aktørar innan norsk reiseliv og kulturliv, daglegvarehandel, grossistar og små og store drikkeprodusentar. Publikumsdelen har spesiell appell til vinklubbar, ciderklubbar, akevittklubbar, cognacklubbar og ølklubbar, og alle med interesse for smak og det gode måltid.
Balestrand i Sogn
Sogn er eit gamalt og tradisjonsrikt fruktområde. Det første vitnesbyrd om epledyrking i landet skriv seg nettopp frå Sogn, då kong Sverre gjekk i land nedanfor Aldinshagen i Vik på slutten av 1100-talet. Opp gjennom historia har her vore eit stort mangfold av frukt- og bærdyrking. I Luster dyrka dei også tobakk i ein periode. På dei beste stadene kan det dyrkast aprikos og druer berre 3 mil frå Jostedalsbreen sin evige is. I dag blir 85% av bringebæra i landet dyrka i Sogn. Sogn har også tradisjonar på akevitt; medan potet var einerådande som råvare dei fleste stader i landet, hadde Sogn ein eigen type akevitt med eit visst innslag av korn. Tradisjonen med heimebrygga øl er framleis levande i Sogne-bygdene.
Balestrand er det mest kjente landemerket ved Sognefjorden, og bygda har inspirert menneske i fleire hundre år. Både kunstnarar, kongar og keisarar har gjennom mange generasjonar henta inspirasjon frå sine opphald mellom fjella i Balestrand. På slutten av 1800-talet danna “eplepresten” frå Balestrand, Harald Ulrik Sverdrup, Nordre Bergenhus Dampskipsselskap, slik at prominente gjester frå heile Europa lettare kunne komme hit og vandre langs blømande hagar – og om kvelden heve sitt glas på ein hotellveranda vendt mot fjorden. Kviknes Hotel har gjennom
130 år vore eit av dei mest særprega hotella i Norden. Både bildande kunst og musikk har i dag ein sterk posisjon i Kunstbygda Balestrand. Frukttradisjonen blir vidareført mellom anna gjennom Balholm AS og Ciderhuset.
Delta på Festivalen Norsk Drikke og løft glaset og merksemda for nye interessante drikkevarer!

Støtta av:
![]() | ![]() | ![]() |






