Artistar
KVARTS
Folkemusikkgruppa Kvarts er ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg, og har mellom anna vunne to Spellemannprisar. Gruppa har heilt frå starten vore solid rotfesta i den norske folkemusikken, og med ei rekkje instrument, og med humør og speleglede, har gruppa fått eit stort publikum. Repertoaret til Kvarts er ein smakfull kombinasjon av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale. Kvarts spelar til konsert på Ciderhuset under Norsk Drikke torsdag 18 oktober kl 20.30. Pris kr 200,-. Kjøp billettar: Sjå påmeldingslinken her på heimesida for Norsk Drikke – eller kontakt Ciderhuset direkte.
-
Sjur Hjeltnes
Sjur Hjeltnes er pianist og komikar frå Voss. Heile livet har han drøymt om sitt eige show, og no skjer det. Heilt aleine på scena, utan noko anna enn
eit piano og sin rike og absurd fantasi til hjelp, skal han utforske livet,kjærleiken og universet slik han ser det. Det blir ein kveld utanom det vanlege, med musikk, tårer, latter og kanskje litt dans!
Som kapellmester har Sjur spelt på scener over heile landet ilag med komikarar som Anne Marit Jacobsen, Christine Hope, Ina Breivik og mange fleire. Dei siste åra har han utmerka seg som den eine delen av Nordic Tenors og Sjur Hjeltnes, og saman med tenorane har han og vunne komipris. No står Sjur på eigne bein med sitt første musikalske humor-solo-show. Gled deg!
Sjur Hjeltnes opplever du på Kviknes Hotel laurdag 20. oktober kl. 19. Pris kr 295,-. Kjøp billettar: Sjå påmeldingslinken her på heimesida for Norsk Drikke – eller kjøp i resepsjonen på Kviknes.


