Norsk Drikke 2011

Fridtjovprisen


(Statuett: Geir Hjetland)


..er innstifta av Norges Bondelag og NHO Reiseliv og er den nasjonale prisen for Årets drikkeprodukt av norske råvarer.
Prisen har som formål å stimulere til vidare produktutvikling og kvalitetsheving av drikkeprodukt av norske råvarer og auke kjennskapen og prestisjen til norske drikkevarer.

Det blir tildelt medaljar for Norsk Drikke 2012 i fylgjande kategoriar/ produktgrupper:
Fruktjuice, Eplesider, Frukt- og bærvin, Øl, Fruktbrennevin, Kornbrennevin og Akevitt.

Produkt som er i vanleg sal kan delta. Kvar produsent kan stille med 2 produkt i kvar kategori. Påmelding med produktnamn må skje innan 15. oktober. Produsent er sjølv ansvarleg for å sikre produkt blir innlevert innan fristen.

Volum av kvart produkt:
1 L fruktjuice, 75 cl eplesider/ fruktvin, 2 fl øl a 33 cl, 50 cl av kvart brennevin.

Postadresse ved sending:
Kviknes Hotell
Postboks 24
6898 Balestrand.
Mrk.: Fridtjovprisen

Innlevering av produkt kan også skje direkte til resepsjonen ved Kviknes Hotell før kl. 09.00 fredag 19. oktober.

Link: Statuttar for Fridtjovprisen

Påmelding:
Arrangørkontakt for Fridtjovprisen: Åge Eitungjerde, 994 99 981 / post@balholm.no




Føredragshaldarar

Christoffer Sjuve

Christoffe Sjuve er kjent som programleiar for det populære programmet Nesevis på NRK-TV. Han er også redaktør for Norges største matside på nettet; klikk.no – og han er kjent som VG-kokk.

Christoffer er ein engasjert føredragshaldar som på underhaldande vis tek for seg trendar i tida for norsk drikke og mat. Han tek oss med inn i eit ”univers” der målet er å synleggjere og løfte kvaliteten på norsk drikke og mat. Christoffer held sitt føredrag på Norsk Drikke fredag 19 oktober. Sjå programsida.

-

Merete Bø

Merete Bø blei nordisk meister for sommelierar i 2008, norgesmeister i 2008 og 2009, og kan også skilte med semifinaleplass i både VM og EM for sommelierar i 2010. Ho har tidlegare erfaring frå Park Hotel på Voss og restaurantane Bagatelle og Cru i Oslo. Ho har gitt ut bøker om ”Vinens vinnere” og har vore DN.no og Dagens Næringslivs sin faste vinskribent dei siste fire åra.

Merete er bokstavleg talt ein meister i å beskive smak. Fredag vil ho halde føredrag om ”Korleis smakar eigentleg drikken?” og også halde ein lærerik workshop om temaet på laurdag.  Korleis kan ein utvikle sin eigen smak og lukt til å skilje mellom ulike smakar og duftar? Merete si vellutvikla nase og gane vil også vere ein viktig del av juryarbeidet som ligg bak årets Fridtjovpris.

-

Espen Lothe

Espen Lothe etablerte mikrobryggeriet Kinn Bryggeri i Florø i desember 2009. På knapt 3 års drift har bryggeriet vakse kraftig og er no det tredje største mikrobryggeriet i landet. Espen har brygga øl på heimebane i over 20 år, og er m.a dobbelt Norgesmeister i heimebrygging.

Som utdanna lærar og med sitt engasjement for øl, er Espen særs kunnskapsrik og flink til å formidle denne kunnskapen. I sitt føredrag fredagen vil Espen ta føre seg temaet tradisjonelt heimebrygg frå kysten, og dele tips og kunnskap med dei mange som likar øl – og dei blir det stadig fleire av!

-

-

Steinar Jensen

Steinar Jensen er miksolog, eller bartender om du vil. Han er hovudlærar på Den Europeiske Bartenderskolen i Oslo, og han er også drivkraft bak den internasjonale barkonkurransen Rose`s Cup. Steinar er kjent som barinstruktør frå TV3-programmet ”Bartenderskolen”, og holder lærerike, underhaldande og særs engasjerte føredrag om drinkmiksing. På Norsk Drikke vil han presentere Årets Festivaldrink (utan alkohol) på slutten av konferansedagen fredag der han også vil dele sin kunnskap om drinkmiksing. Og under festmiddagen fredag kveld på Ciderhuset vil han presentere Årets Festivaldrink (med alkohol). Her vil vi også få eit forrykande innblikk i det han kallar ”Four steps to heaven” – eit praktisk føredrag som tek deg til nye høgdar som drinkmiksar!

-

Du møter også desse:
Nils Henrik Geitle

Nils Henrik Geitle er administrerande direktør i hotellkjeda De Historiske. Han held føredrag om ”Norske drikkevarer til det norske måltid – kvifor og korleis”.

Thierry Fabian

Fabian er leiar av INAO (Institute national de l`origine et de la qualité – Paris) i cider- og calvadosdistriktet Normandie. Han held eit viktig føredrag om terroir og geografiske merkeordningar.

Nils T Bjørke / Eli-Grete Høyvik / Aud Melås

I sesjonen som handlar om norsk alkoholpolitikk vil leiar i Norges Bondelag, Nils T Bjørke, ta for seg temaet ”Kva krevst av norsk alkoholpolitikk for å utvikle norsk drikke i landbruket?”. Ein av initiativtakarane til festivalen, Eli-Grete Høyvik i Ciderhuset i Balestrand, vil ta for seg temaet ”Direktesal frå gardsprodusent – kvifor ikkje?”. Og medgründer i Ægir Bryggeri, Aud Melås, snakkar om ”Reklame- eller informasjonsforbod?”

Sjur Dale / Eivind Vangdal / Rune Laugen

På workshopane laurdag skal ølbryggar Sjur Dale frå det tradisjonelle ølbryggarmiljøet i Sogn, halde ei praktisk innføring i ”Ølbrygging for nybegynnarar og vidarekomne”. Eivind Vangdal frå Bioforsk Ullensvang held workshopen ”Innføring i ulike fruktvintypar, kritiske punkt under setjing av sider og fruktvin”. Den framifrå produktutviklaren Rune Laugen frå Arcus held workshopen ”Destillering – frå mystisk alkymi til moderne handverk”.


Norsk Drikke 2012 - Kontaktperson: Per Øyvind Helle, tlf. 404 02 905 / per@hipphipp.no

Logg inn | Designa og utvikla av nullstress.net