Fridtjovprisen
– den nasjonale prisen for norske drikkevarer
Norsk matkultur har vore eit offentleg satsingsområde gjennom fleire år, og det har etter kvart utvikla seg eit mangfold av produkt og ein sterk identitet knytt til regionale spesialitetar i det norske måltid. Lokal mat er i dag blitt eit satsingsområde i både restaurantmenyar og i daglegvarekjeder. Eit dilemma syner seg likevel når ein som regel må nytte importerte drikkevarer, spesielt vin, til ein meny som elles er komponert gjennomgåande av norske råvarer.
Dette er ikkje noko problem i seg sjølv, for i eit globalisert samfunn som vårt, kjem mange populære rettar frå andre land. Den viktigaste utfordringa med denne situasjonen er at både norske og tilreisande forbrukarar går glipp av det norske alternativet. Dette er synd, for norsk klima har ulike særtrekk som gjer oss i stand til å produsere råvarer med svært høg kvalitet, også i internasjonal samanheng. Stikkord her er nordleg klima med mykje lys og middels temperaturar som gir langsom modning og tid for god aromautvikling.
På drikkevareområdet er det etter kvart i ferd med å vekse fram eit miljø av mindre produsentar som baserer seg på norske råvarer. Eplemost tek til å få eit visst omfang, men også anna frukt- og bærjuice, eplecider, ulike typar fruktvin og fruktbrennevin er produkt på veg opp. Akevitt og øl har lenge vore tradisjonsprodukt i Noreg. Gjennom dei siste åra har etablering av ei rekkje mikro-bryggeri bidrege til eit produktmangfald som har skapt ny interesse for øl. Festivalen Norsk Drikke vil først og fremst bidra til å synleggjere produkt frå alle desse nye produsentane, men etablerte produsentar vil sjølvsagt også ha sin naturlege plass på festivalen.
I mange andre land er det vanleg med tevlingar og prisutdelingar der produkta blir vurderte av ein fagjury. Dette bidreg positivt til å auke prestisjen for slike produkt, og det bidreg til å knyte regional identitet og stoltheit til både mat- og drikkeprodukt. For å stimulere norske drikkeprodusentar til vidare produktutvikling og kvalitetsheving kan ein norsk drikkevarepris spele ei viktig rolle.
Fridtjovs saga
Fridtjovs Saga tek utgangspunkt i eit islandsk sagaskrift frå 1300-talet, og fortel om Fridtjov den frøkne (den djerve) som ville gifte seg med Ingebjørg, dotter til småkongen Bele. Kong Bele budde i Balderslund og var småkonge over Sygnafylket. Fridtjov skulle vere son til hersen Torstein Vikingson, som var busett på Framnes (Vangsnes). Fridtjov er valt fordi han er eit symbol på det djerve, noko som er ein viktig verdi for ein prestisjetung nasjonal pris. Han reiste også i viking, og kven veit om han fekk med seg kunnskapar om drikke frå landa han ”vitja”?
Fridtjov enda etter segnet som konge over Ringerike, Sygnafylket (Sogn) og deler av Hordaland. Dermed representerer han både eit område som seinare vart kjent for potetdyrking, han representerer dei eldste fruktområda i landet (Sogn og Hardanger), i tillegg til å representere korndyrkinga som var utbreidd i alle desse områda av landet.
Informasjon om Frithjovprisen
Eli-Grete Høyvik, Ciderhuset Balestrand, tlf. 908 35 673.


