Resultat 2011
Første nasjonale prisutdeling av Norsk Drikke
Den første norske prisen for beste norske drikkevare er tildelt akevitten Simers Oslo Aquavit, frå Arcus i Oslo. Ingen andre norsk drikkevarer nådde opp til medaljeplass. I alt 50 ulike typar norskprodusert drikkevare, med og utan alkohol, var med i tevlinga i Balestrand denne helga. Norges Bondelag og NHO Reiseliv står bak tevlinga, som skal arrangerast kvart år framover under arrangementet Norsk Drikke i Balestrand. Kunnskap om norsk drikke, produktutvikling ognettverksbygging var sentralt for dei rundt 100 deltakarane på festivalen.
Simers Oslo oppnådde beste plassering med bronsemedalje og fekk ’Fridtjovprisen’, som den nasjonale prisen for Årets drikkeprodukt av norske råvarer. I klassen eplesider fekk Hardanger dei 3 første plassane, medan Drammen fekk 1.plass for beste øl.
Møteplass og læring
- Dette har vore eit svært vellykka arrangement, oppsummerar Eli-Grete Høyvik i initiativgruppa til festivalen Norsk Drikke som blei arrangert for første gong i Balestrand i helga. Ciderhuset, Balholm, Kviknes hotel og HippHipp Flora arrangerte festivalen. – Vi har hatt fokus på læring og utvikling av norsk drikke, og vi har laga ein møtestad for produsentar, salsledd og reiseliv, seier Høyvik.
Ho er glad for at vi endeleg har fått på plass eit vurderingssystem for medaljar til beste norske drikke, med profesjonell jury. – Årets prisutdeling, der ingen fekk gull- eller sølvmedalje, viser at det framleis er ein veg å gå og det er bra at ein har noko å strekke seg mot, seier Høyvik.
Norsk drikke til norske råvarer
-Kvifor drikke italiensk vin til gode norske råvarer? Slik innleia juryleiar Merete Bø sitt grunnseminar om ’norsk smak’. Bø er oppvaksen på gard på Voss, og er såleis godt kjend med norske smakar som villbringebær, rabarbra, eple og lukter frå slakting og matlaging. – Lærdomen er at den raske vegen til smak aldri er den beste. Det er balansen mellom søtt, surt, salt og bittert som er spanande. Mat og drikkevarer må settast saman rett ved å balansere dei 4 grunnsmakane, og ikkje tenkje favorittmat- og drikke, seier Bø.
Ho er Norges første kvinnelege Norgesmeister for Vinkelnere, og jobba tidlegare som sommelier (vinkelner) på Restaurant Bagatelle. Ho er i dag vinjournalist i Dagens Næringsliv.
Bø var juryleiar og presenterte resultatlista. – Nivået på deltakarane er høgt, men neste år håpar vi på mange fleire deltakarar i konkurransen.
- La turistane smake
Leiar i Norges Bondelag, Nils T Bjørke, stod for utdelinga av Fridtjovprisen. Norges Bondelag og NHO Reiseliv utnemner dei 5 medlemmene til juryen, som blindtestar produkta. Under prisutdelinga framheva Nils T.Bjørke at norsk drikke er ein viktig del av norsk landbruk, og gjer eit måltid fullkome. – Vi treng eit aktivt landbruk og reiseliv som vi stolt kan syne fram for besøkande.
Meisterkokk Harald Osa spurte i sitt innlegg om vi hadde noko å vere stolt av når det gjeld norsk mat og drikke – Det eksploderer med ulike ølsortar i landet, det er fantastisk, framhevar Osa entusiastisk. –God norsk drikke må tilpassast tradisjonell og moderne norsk mat. Der er me enno ikkje. Vi har mange flinke vinkelnerar, og vi treng deira kompetanse for å hjelpe oss til å kombinere norsk mat og drikke. Jobben med å lage spanande smakskombinasjonar har vi enno ikkje starta på, seier Osa.
Kontaktinformasjon
Eli Grete Høyvik, Ciderhuset, tlf. 90835673
Foto
Utdeling av Fridtjovprisen 2011 i Balestrand, tildelt Arcus for akevitten Simers Oslo Aquavit, f.v. leiar Norsk Bondelag, Nils T.Bjørke, Per-Johan Grue frå Norske Akevitters venner, vinekspert og juryleiar Merete Bø. På vegne av Arcus tok Per-Harald Grue tok imot prisen.
(Klikk for større bilde)
Fakta - Festivalen Norsk Drikke / www.norskdrikke.no
Festivalen Norsk Drikke i Balestrand skal vere ein årleg læringsarena, utstillingsplass og inspirasjonssamling for alle som er interesserte i norskproduserte drikkevarer som fruktmost, cider, fruktvin, øl, fruktbrennevin, akevitt og kornbrennevin.
Fridtjovprisen skal heve merksemd og kvalitet i alle ledd kring norsk drikke. Fridtjovprisen blir Den norske prisen for gode drikkeprodukt, og blir det ut av Norges Bondelag og NHO Reiseliv.
Festivalen består av ein fagdel og ein publikumsdel. Fagdelen er innretta mot restaurantar, hotell og andre aktørar innan norsk reiseliv og kulturliv, daglegvarehandel, grossistar og små og store drikkeprodusentar. Publikumsdelen har spesiell appell til vinklubbar, ciderklubbar, akevittklubbar, cognacklubbar og ølklubbar, og alle med interesse for smak og det gode måltid.
Festivalen blir arrangert av Ciderhuset, Balholm, Kviknes Hotel og HippHipp Flora!
I konkurransen er produkta dømde i seg sjølv, altså utan mat, og det er lagt vekt på at råvaresmaken skal vere tydeleg.
- – - – - -
Vinnarar av Norsk Drikke 2011
I alt 50 ulike drikkeprodukt blei påmelde i medaljetevlinga under Norsk Drikke 2011 i Balestrand i helga. Desse produkta fordeler seg på 27 produsentar over heile landet.
Tevlinga var todelt:
- Kvalifisering med medaljetildeling i ulike kategoriar
- Finale med tildeling av Fridtjovstatuetten
Vinnar av statuetten blei Simers Oslo Aquavit, frå Arcus i Oslo
Dei fekk bronsemeldalje og var einaste produkt som oppnådde høg nok poengsum til medalje .
Det var 5 kvalifiserte dommarar under leiing av vinkelner Merete Bø. Det vart gitt poengsum frå 1 til 9, men 9 som beste poengsum. Maksimal poengsum var altså 45 poeng. Bronse er minst 37 poeng, sølv er minst 40 og gull er minst 43 poeng.
Det blei tevla i 6 ulike kategoriar:
- Fruktjuice
- Eplesider
- Fruktvin
- Øl
- Akevitt
- Fruktbrennevin
Dei tre beste plasseringane i kvar kategori vart
Fruktjuice (16 deltakarar):
- Nordre Lundheim, Gvarv i Telemark: ”Eventyrmost” – 33 poeng
- Urnes Gard, Luster i Sogn: ”Eplemost Aroma + Gravenstein” – 33 poeng
- Amble gård, Kaupanger i Sogn: ”Økologisk Aroma” – 33 poeng
Eplesider (7 deltakarar):
- Hardanger Saft og Siderfabrikk, Ulvik: Hardangersider Sprudlande – 33 poeng
- Ulvik Frukt & Cideri, Ulvik: Hakastadsider ’Tradisjon’ 2009 – 32 poeng
- Ulvik Frukt & Cideri, Ulvik: Hakastadsider ’Gravenstein’ 2009 – 26 poeng
Fruktvin (2 deltakarar)
- Ciderhuset, Balestrand: Plommevin, øko, 2009 – 28 poeng
- Arcus for Reksnes gard, Nordfjordeid: Roll’eau sterkvin (Pommeau) – 25 poeng
Øl (12 deltakarar):
- Haandbryggeriet, Drammen: Hesjeøl. – 30 poeng
- Lervik Aktiebryggeri, Stavanger: ‘Konrad’s Stout – 29 poeng
- Nøgne Ø, Grimstad: Porter – 28 poeng
Akevitt (6 deltakarar):
- Arcus, Oslo: Simers Oslo Aquavit – 39 poeng
- Arcus, Oslo: Løitens Single Cask 8330 – 33 poeng
- Kannestein DA, Måløy/Oslo: Storm Akevit.- 33 poeng
Fruktbrennevin (7 deltakarar):
- Agder Brenneri, Grimstad: Eplebrent Xtra – 31 poeng
- Ciderhuset, Balestrand: Økologisk Plommedram, fatlagra – 29 poeng
- Egge gård, Lier: Egge Eplebrennevin – 29 poeng
Fridtjovprisen
Den nasjonale prisen for Årets drikkeprodukt av norsk råvarer. NHO Reiseliv og Norges Bondelag deler ut prisen. Fridtjovprisen er ein statuett av Fridtjov den Fræge som er laga av kunstnaren Geir S. Hjetland. (bilde Fridtjovprisen)


