Program
Torsdag 18. oktober
20.00 Velkomst på Ciderhuset. Konsert med folkemusikkgruppa Kvarts (sjå påmeldingsskjema) kr 200,-.Bestille billett: Ciderhuset - 908 35 673 – eller påmeldingsskjema. Sal av tradisjonell betasuppe med heimelaga brød frå vedfyrt steinomn, kr 150,-. Evan Lewis frå Ægir Bryggeri om kombinasjonen av øl og mat. Norsk øl i baren (m.a Ægir, Balder og Kinn Bryggeri)
Fredag 19. oktober
10.00 Offisiell opning av Norsk drikke 2012, Kviknes hotel 10.15 – 11.00 Korleis heve omdømmet til norsk drikke? Og eit blikk på trendar i tida. 11 – 11.30 Norske drikkevarer til det norske måltid - kvifor og korleis? Nils Henrik Geitle, administrerande direktør hotellkjeda De historiske Hotell & Spisesteder 11.30 – 11.45 Pause inkl. kaffi/frukt 11.45 – 12.30 Om terroir og geografiske merkeordningar. Thierry Fabian, leiar av INAO i i cider- og calvadosdistriktet Normandie. INAO (Institut national de l'origine et de la qualité) administrerer dei franske merkeordningane for landbruksprodukt. 12.30 – 13 Tradisjonelt heimebrygg frå kysten – kult-øl eller kuult øl? Espen Lothe, gründer Kinn Bryggeri. 13.00 Lunsj 13.00 Utstillingsmesse med norske drikkevarer: Fruktjuicar, sider, øl, fruktvin, fruktbrennevin, akevitt osb. Video av tradisjonell ølbrygging frå 1988 på garden Skåsheim. 14.30 – 16 Parallelle sesjonar 16 – 16.45 Paneldebatt: Korleis løfte norsk drikke i kvalitet og omdømme? 19.30 Festmiddag på Ciderhuset med norske drikkevarer. Steinar Jensen miksar og serverer Årets festival-aperitif – og nyt hans smakfulle innleiing: 4 steps to heaven! Utdeling av Fridtjovprisen 2012. Pris kr 945,- inkl. drikkepakke med norsk drikke.
Christopher Sjuve, programleiar i TV-serien Nesevis og redaktør klikk.no
Juryen under leiing av Merete Bø, jobbar med bedømming av norsk drikke til Fridtjovprisen
1) Kva smakar eigentleg drikken? Om å beskrive smak. Merete Bø, sommelier og regjerande nordisk meister i vinsmaking. I samarbeid med Inkubatorprogrammet.
2) Norsk «terroir» - frukt, bær og juice av norske råvarer. Samarbeid med Arena Frukt og bær.
3) Norsk alkoholpolitikk: Kva krevst av norsk alkoholpolitikk for å utvikle norsk drikke i landbruket? Nils T. Bjørke, Norges Bondelag. Reklame- eller informasjonsforbod? Aud Melås, Ægir Bryggeri. Direktesal frå gardsprodusent – kvifor ikkje? Eli-Grete Høyvik, Ciderhuset
Eigne fagmøte - ein del nettverksorganisasjonar og prosjekt legg sine fagsamlingar til Norsk Drikke 2012.
Christopher Sjuve, journalist
Nina Sundqvist, Matmerk
Nils T Bjørke, Norges Bondelag
Aud Melås, Ægir Bryggeri
Representant frå Vinmonopolet.
Ordstyrar: Eli-Grete Høyvik, Ciderhuset
Pris konferansedag fredag: kr 2 250,- kr + mva. inkl. lunsj og kaffi/fruktpause. 50% rabatt for deltakar nr 2 frå same bedrift!
Påmelding via skjema eller infotelefon 404 02 905.
Overnatting – bestill direkte hos Kviknes Hotel - 57 69 42 00 – kviknes.no
Laurdag 20. oktober
11 – 12.30 Workshops 13.00 Lunsj Kviknes hotel - kr 260,- 14 – 15.30 Workshops 17.30 ”Fyrtårn for reisande” av Geir S Hjetland. Avduking av monument og opningsseremoni i parken. (Ope for alle – fri inngang) 19.00 Musikalsk showkonsert med Sjur Hjeltnes på Kviknes Hotel. Kr 295,- (billettkjøp i resepsjon på hotellet og via påmeldingslinken her på heimesida) 20.00 Middagsbuffet på Kviknes Hotel. Aperitif med produsentar av norsk drikke. Kr 565,-. Bestill via påmeldingsskjema eller Kviknes direkte – 57694200.
a) Ølbrygging for nybegynnarar og vidarekomne. Praktisk innføring av prosessen i brygging: Varmt vatn – meisking – skåling – koking av vørter + humle – avkjøling – gjæring. Få svar på reinsemd, meisketemparatur, humlepong, krydder, oksygen i vørter og gjæring. Basismalt og anna malt. Smaksprøvar. Ulik ølgjær. Synspunkt, drøfting og forståing. Sjur Dale, bryggar frå det tradisjonelle koparkjel- og eldhusmiljøet i Sogn (på Ciderhuset)
b) Innføring i ulike fruktvintypar, kritiske punkt under setjing av sider og fruktvin. Eivind Vangdal, dr scient Bioforsk Vest Ullensvang (på Ciderhuset)
c) Norsk drikke til norsk ost. Paola Schwartz Torkildsen, vinkelner på Vinkelnerlandslaget. I samarbeid med TINE (på Kviknes
Lunsj Ciderhuset - kr 260,-
Bestillast direkte hos Kviknes Hotel (57 69 42 00) eller Ciderhuset (90 83 56 73)
d) Ølbrygging i open tank. Espen Lothe, Kinn Bryggeri (på Ciderhuset)
e) Destillering – frå mystisk alkymi til moderne handtverk. Følg dråpane frå brenneriet i Ciderhuset. Produktutviklar Rune Laugen, Arcus (på Ciderhuset)
f) Kva smakar eigentleg drikken? Om å beskrive smak. Ved Merete Bø, sommelier og regjerande nordisk meister i vinsmaking (på Kviknes)
g) Drinkmiksing på kjøkkendisken – bli ein god drinkmiksar! Praktisk innføring i miksologi og norsk drikke. Ved Steinar Jensen, hovudlærar på den Europeiske Bartenderskolen (på Kviknes)
Pris pr. workshop kr 350,-
OBS! Bruk påmeldingsskjema i toppmenyen på heimesida for påmelding til konsert Kvarts torsdag, konferansedagen fredag, workshops laurdag, festmiddag fredag og festmiddag laurdag.
Lunsjar laurdagen bestiller du direkte hos Kviknes eller Ciderhuset.
Konsert laurdag bestiller du anten via påmeldingsskjemaet – eller ved kjøp i resepsjonen på Kviknes.


